Lokalnytt

Helsa turistferja med salutt

Turistferja Bolsøy vart helsa med salutt då den kom til Hellesylt på fyrste tur for sesongen.
Turistferja Bolsøy vart helsa med salutt då den kom til Hellesylt på fyrste tur for sesongen.

Onsdag 1. mai var turistferja Bolsøy tilbake på fjorden i ruta mellom Geiranger og Hellesylt. På fyrste turen om morgonen vart ferja helsa med salutt ved Hellesylt.

Det låg nysnø på toppane kring Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden 1. mai då turistferja Bolsøy gjorde sin fyrste tur for sesongen.

Den gamle, ærverdige ferja i kvitt og svart, døypt og dynka i champagne i 1971 var oppstasa med vimlar og flagg og stemna inn fjorden med sin kjente motordur.
Ved Åseneset vart ferja helsa med kraftfull salutt og det flaggpryda skipet helsa tilbake med lage støyt i båtfløyta, alt til vakker resonans frå dei høge fjella.

Dermed var turistsesongen på Verdsarvfjorden i gong.
Bolsøy trafikkerer ruta åleine med fire turar dagleg fram til 1. juni. Då kjem Veøy, den andre turistferja og då blir det åtte turar dagleg ut august, før det igjen blir ei ferje i september.

Med flotte utsiktssalongar er Bolsøy og Veøy som skreddarsydd for turisttrafikk på Verdarvfjorden. Så fine ferjer blir ikkje konstruert lenger.
Håpet må vere at desse godt ”vaksne” båtane blir teke vare på og kan vere til glede for turistar og andre reisande i mange år enno.

Siste ferjetur mellom Hellesylt og Geiranger går 30. september.

Alf Muldsvor til venstre og Ole Morten Muldsvor ordna med salutt til turistferja Bolsøy.
Alf Muldsvor til venstre og Ole Morten Muldsvor ordna med salutt til turistferja Bolsøy.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380