Lokalsport

Hovdebygda vann stort

Heimepublikum fekk lite å juble for då Sunnylven/Stranda 2 møtte Hovdebygda på Hellesylt stadion onsdag. Gjestane vann så klart som 5-1.

Det var eit uvanleg tamt heimelag som spela seriekamp mot Hovdebygda onsdag. Vi registrerte ikkje eit einaste skot på gjestane sin burvaktar det fyrste kvarteret. Derimot fekk Daniel Berbecki i heimemålet nok å krige mot gjennom heile kampen.
Hovdebygda var til tider gode, men ikkje eit topplag i 5. divisjon. Resultatet vart berre slik fordi Sunnylven/Stranda 2 hadde ein av sine dårlegaste dagar onsdag.
Måla i mot kom jamt og trutt og det stod 3-0 til Hovedebygda ved pause.

Andre omgang vart som fyrste. Rett nok kriga heimelaget betre i starten, men så var det gjort. Gjestane skora to mye mål før ei redusering kom ved Leif Rune Tryggestad.
Med 5-1 til Hovdebygda ebba kampen ut, eit oppgjør Sunnylven/Stranda 2 må gløyme fort. Laget kan langt betre enn det dei fekk vist onsdag på Hellesylt stadion.

Det fortel vel det meste om kampen at keeper Daniel Berbecki var heimelaget sin best, trass tapet.
God domar var Lars Ove Sletta, Langevåg IL.

Sunnylven/Stranda 2 – Hovdebygda 1-5 (0-3)
Mål Sunnylven: Leif Rune Tryggestad (69.)
Mål Hovdebygda: Øystein Hovden (11. 63.) Kjetil Kalvatn (42. 59.) Yngve Trandal (38.)
Gult kort:
Sunnylven: Jørgen Helset, Helge Tryggestad, Daniel Berbecki.
Hovdebygda: Håvard Kårstad.

Sunnylven/Stranda 2:
Daniel Berbecki, Robert Tryggestad, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Kamik, Olav Erling Aaland, Eivind Helset, Gunnar Espelund, Ole A. Ringdal, Helge Tryggestad, Trygve Aaland Tryggestad.
Nytta innbyttarar:
Håkon Mikal Dalen, Helge Kvam Karbø, Ivar Ringdal Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380