Lokalnytt

Imponerande stort folketog

 

17. mai 2013 var av dei vakre vårdagane, grøne tre og temperatur langt over 20 grader. Feiringa på Hellesylt vart folkerik.
Etter gudstenesta i Sunnylven kyrkje var det folketog som gjekk si faste rute om Peer Gynt Galleriet, til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus.
I spiss gjekk flaggborga, deretter kom skuleklasser, Sunnylven skulekorps, barnehagen, og så idrettslag, ungdomslag, sanitetslag og fleire.

Takt og tone i folketoget sytte som vanleg Sunnylven skulekorps for. Aldri før dei siste åra har korpset hatt så mange i korpsrekkene som i år. Og det må vere moro å spele i denne musikalske ungdomsgjengen som bygda har, for her kjem dei heim og sluttar seg til i korpsrekkene, både frå Sunnylven og frå nabobygdene.
Sunnylven skulekorps var på 27 musikantar og leverte på høgt nivå 17. mai. Vi leitar etter supperlativ å dele ut, men finn dei ikkje gode nok. La det bli med strålande, som 17. mai-veret.

Det vart eit langt og fargerikt folketog av unge og eldre som heva flagg og faner høgt.
Og det vart mange hurrarop for nasjonen som feira sin gebursdag frå folk i bunader og sin finaste stas. Ein ny dag i eit fritt land i rødt, kvitt og blått.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380