Lokalnytt

Kafekonsert med Joyful.

Ungdomskoret Joyful med leiarar tel 21 til saman.
Ungdomskoret Joyful med leiarar tel 21 til saman.

Svært mange kom innom Sunnylven kyrkjelydshus laurdag for å ta del i Joyful sin kafekonsert. Det vart ei fin oppleving for auge, øyre og smakssansar.

Det vart etter kvart fullt i Sunnylven kyrkjelydshus då ungdomskoret Joyful og leiing inviterte på både song og servering sist laurdag. Fleire bord og stolar måtte til for at alle skulle få plass, mellom anna for å innta risgraut, kaffi og kaker.
Grauten som var kjøpt inn til 100 personar gjekk unna og det same gjorde salet frå kakebordet. Også tombola med ”snurrelappar” var populært, spesielt hos dei yngste.

Joyful hadde tenkt seg til Oslo og oppleve Soul Children festival. Turen vart diverre ikkje noko av i år, fortalde dirigent for koret Kristin Storstein, Kostnaden vart i høgaste laget, men til neste år håpa ho at reisekassa var fylt opp for tur og deltaking.
Å delta på Soul Children festival er av det største eit ungdomskor kan vere med på. Deltakinga har auka år for år, det er nesten like folksamt som fotballturneringa Norway cup.
Alle blir inspirert av å delta på slike arrangement, høyre andre kor som vi frå ei lita bygd på Sunnmøre, sa Kristin Storstein.
Ho takka for frammøtet til korkafeen som ho tykte var flott, og så vart det klart for konsert.

Seks flotte songar med solistar fekk forsamlinga høyre. Og etter Come Down, Før eg møter dagen, Jesus er med deg, Glorify, Gud du tar min hånd og Hope var det klart for ekstranummer med ein av favorittsongane til koret, Lift him up.
Solistar var Veronica Janssen, Emilie Brekke, Veronika Øksvang, Inger Ringdal Sæter, Maria Langeland, Mathilde Tryggestad Forbord, Renate Hellebostad, Vanja Trøen Frøysa, Kristine Hjellbakk Hole, Bertine Lade og Anette Solli Frøysa.

Styret for koret består av Anita Langeland, leiar, Wenche Solli, Randi Sæter, Tove Taraldset og Erna Hellebostad.
Musikalske leiarar er Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Anita Langeland tykte frammøtet var inspirerande og lova ny korkafe til hausten. Også sal av graut og tombola var nytt på arrangementet, men viste at folk sette pris på det også.

Emilie Brekke t.v. og Veronika Øksvang var mellom solistane med koret.
Emilie Brekke t.v. og Veronika Øksvang var mellom solistane med koret.
Mange er glade i ungdomskoret Joyful og møtte fram for både å høyre og støtte.
Mange er glade i ungdomskoret Joyful og møtte fram for både å høyre og støtte.
Jens Arve Forbord hadde gebursdag laurdag og feira med ein god grauttallerken. Hilde Langlo Brekke serverte.
Jens Arve Forbord hadde gebursdag laurdag og feira med ein god grauttallerken. Hilde Langlo Brekke serverte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380