La ned blomar ved minnestein
Feiringa av 17. mai i Sunnylven starta ved kyrkja. Her la to elevar frå Sunnylven skule ned blomar ved minnesteinen til dei frå Sunnylven som fall under siste krig.
Det var Irene Trøen Frøysa og Anne Grete Kjellstadli Langleite som hadde fått oppdraget med å legge ned blomar ved minnesteinen som er sett opp like ved inngangen til kyrkja.
Ei høgtideleg handling som vart markert med eitt minutt stillheit.