Lokalnytt

Eldfull lidenskap i Peer Gynt Galleriet

doc_3582_2

Eldfull argentinsk lidenskap blir forent med kjøleg nordisk temperament når ”tango-isbjørnane” fra Trondheim inntek Peer Gynt Galleriet laurdag 29. juni. Kvintetten består av songarinne Ingrid Nyhus og fire av Norges mest erfarne og dyktige tangomusikere.
Kvintetten tek publikum med tilbake til 50 og 60-talets musikkgullalder fra Rio de la Platas bredder.
Los Osos Polares spelar eit variert repertoar tangomusikk, frå dei gamle klassikerne som Troilo og Pugliese, til Piazzollas grensesprengjande univers og Ferrers lyrikk. Gruppa har ei autentisk besetning som består av song, fiolin, bandoneon, piano og kontrabass.

Det kritikerroste Los Osos Polares har brei konserterfaring og har turnert over store deler av Norge. Debutalbumet frå gruppa bli spela inn sommaren 2012 og kom i sal tidleg i 2013.

Los Osos Polares er eit engasjerende og energisk liveband som høver like godt i store konsertsalar som kyrkjer, kafear, klubbar, restaurantar, museum og hotell. Den rytmisk svingande musikken ligg mellom jazz, klassisk, pop og latin og appellerer til eit svært bredt publikum i alle aldrar.

Laurdag 29. juni blir et eldfull argentinsk steming i Peer Gynt Galleriet, ei sommarforestilling Hellesylt aldri har opplevd tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380