Lokalnytt

Fotoutstilling opnar laurdag

John Colbensen.
John Colbensen.

Til helga opnar John Colbensen foto og salsutstillinga si i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Colbensen er fotograf med eige studio på Vatneeidet mellom Skodje og Brattvåg.

Naturfotograf John Colbensen frå Ålesund er profesjonell i faget og har vunne mange prisar for bilda sine. Men å fotografere natur kan han ikkje leve av det, som han seier. Difor jobbar den tidlegare VG-fotografen mest for næringslivet og media.
Den store interessa og som også stel det meste av fritida hans er likevel å fotografere inntrykk av den fantastiske naturen og lyset som Vestlandet har både dag og natt heile året. Her er hav, fjordar, trange dalar, vide sletter og høge fjell, seier han engasjert.

”Det Nordvest belyste” har han kalla salsutstillinga som han presenterer i Peer Gynt Galleriet frå komande helg. Colbensen kjem med 20 – 25 bilder i varierande storleik, dei fleste 33 gange 50 cm., men også nokre større. Alle er lima på papp, men ikkje innramma.
-Det er dårleg økonomi i å koste på ei ramme som kjøparen ikkje likar, seier han.
I tillegg vil der vere eit stort bildealbum som folk kan blade i.

John Colbensen har drive med fotografering i 26 år. I 2011 tok han gullmedalje i NM og året etter vart han Skandinavisk fotomester.
Alltid har han vore fengsla av bildekunst og måleri. Men ein god teiknar eller målar vart han aldri, seier han. I staden vart det bilete med inntrykk frå naturen gjennom fotografering.
-Det har blitt eit yrke eg likar og som eg også brukar av fritida mi. Eg må berre ut og fange motivet når det er der, seier han.
Mykje av det blir å sjå på Peer Gynt Galleriet frå laurdag 29. juni og i nesten fem veker, til 31. juli.

Sist helg hadde John Colbensen fotokurs for sju elevar på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380