Lokalnytt

Friska opp køyrereglar.

Lilli-Karin Ljøen overrekte blomar til sjåførlærar Oddvar Tryggestad etter at kurset i oppfrsking av køyrereglar var ferdig.
Lilli-Karin Ljøen overrekte blomar til sjåførlærar Oddvar Tryggestad etter at kurset i oppfrsking av køyrereglar var ferdig.

Sjåførlærar Oddvar Tryggestad har halde oppfriskingskurs i trafikk og køyrereglar for tolv pensjonistar på Hellesylt. Heile kursavgifta gav han til Sunnylven skulekorps.

Sunnylven pensjonistlag tok initiativ og fekk i stand kurset i oppfrisking av regelverket for bilkøyring. Sist laget hadde eit liknande kurs var i 2010.
Fredag og laurdag sette tolv pensjonistar seg på skulebenken med sjåførlærar Oddvar Tryggestad, Ålesund som kurshaldar. Tryggestad har sine sterkaste slektsrøter frå Sunnylven så alle var kjenningar frå barndomsbygda.

Over to økter på om lag tre timar kvar vart det orientert om køyrereglar i rundkøyring, vikeplikt, skilt og anna viktig som vedkjem bilbruk. Å avpasse farta etter forholda, halde fartsgrensene og gjerne sleppe forbi dei som meinar å ha det travelt etter landevegen var også ein god regel Tryggestad anbefalte.

Om ikkje spesielle sjukdomar oppstår blir det krevd legeattest ved fornying av førarkort ved 75 år. Då gjeld sertifikatet i tre år før ny legeattest blir krevd med to års mellomrom.
Desse reglane er ei forskrift som er ute på høyring no, men blir truleg vedtatt, opplyste Tryggestad.

Sjåførlærar Oddvar Tryggestad fekk overrakt blomar frå pensjonistlaget ved Lilli-Karin Ljøen som takk for kurset.
Kursavgifta som deltakarane betalte gav han i si heilheit til Sunnylven skulekorps som dermed vart 3.000.- kroner rikare.

Tolv pensjonistar kursa seg og lærte det siste om skilt og rett køyring i trafikken. På benken framme sjåførlærar og kurshaldar Oddvar Tryggestad.
Tolv pensjonistar kursa seg og lærte det siste om skilt og rett køyring i trafikken. På benken framme sjåførlærar og kurshaldar Oddvar Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380