Lokalnytt

Hestar i distanseritt på Frøysa

Åse Stadheim til høgre og dotra Veronica på kvar sin hest heime på garden på Stadheim. (Foto: Privat)
Åse Stadheim til høgre og dotra Veronica på kvar sin hest heime på garden på Stadheim. (Foto: Privat)

Laurdag 15. juni arrangerer Stranda Ride og Køyreklubb distriktsstevne i distanseritt på Frøysa i Sunnylven kl. 13.00.

Distanseritt er den raskast veksande hestesporten i Norge. Mykje av grunnen er at distanseritt er åpent for absolutt alle. Det er kanskje den greina som femner vidast av alle.

Distanseritt har mykje å tilby, enten ein ønsker seg ein sosial og hyggelig mosjonsidrett, eller om målet er ein høgtytande maratonekvipasje, seier Åse Stadheim, hesteeigar på Stadheim og klar for å delta i konkurransen laurdag.
Ho fortel at øvinga under distanseritt strekkjer seg frå små ritt på 5 til 10 km, og til store ritt over fleire dagar der hest og ryttar tilbakelegg hundrevis av kilometer. På Frøysa blir det to klasser, ei klasse med lengde på 7. km. og ei på 14. km.

Til no er det 15 ekvipasjar som har meldt seg på til start, og heile Møre og Romsdal fylke er prepresentert, fortel ho.
Det blir open kiosk i start/målområdet frå kl. 10.00 med sal av kaffi, kaker og vafler og til stemnet er ferdig.

-Stranda Ride og Køyreklubb takkar våre lokale sponsorer for støtte: Lions Club Hellesylt, HT Bygg Hellesylt, og Sparebanken Møre avd. Hellesylt. Vi er også glade for den velvilje som grunneigarar på Frøysa har vist oss, slik at vi kunne arrangere rittet. Og så håper vi at mange vil ta turen og kikke på, seier Åse Stadheim og legg til;
Dersom det blir vellukka, så kan dette kan bli eit årleg arrangement

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380