Lokalnytt

Lang fartstid bak disken

Astrid Taraldset fekk tildelt Norges Vel`s medalje og diplom for lang og tru teneste ved Ringdal & Co,
Astrid Taraldset fekk tildelt Norges Vel`s medalje og diplom for lang og tru teneste ved Ringdal & Co,

Astrid Taraldset har jobba i 45 år ved Ringdal & Co på Hellesylt. Laurdag kunne ho motta Norges Vels Medalje med diplom for trufast innsats ved butikken som runda hundre år for litt sidan.

Det var Svein Sporstøl frå leiinga ved Ringdal & Co som overrekte medalje og diplom.

Når ein har vore trufast så lenge ved same arbeidsstad fortener ein heider, kanskje noko vi ikkje er flinke nok til å gje til dagleg, sa Sporstøl mellom anna.

Han fortalde om utviklinga til butikken som starta i eit kjellarlokale for hundre år sidan og som no driv i eige hus i sentrum av Hellesylt.
Astrid har jobba under tre generasjonar kunne han fortelje. Alle tre var representert under festsamkoma på Grand Hotel med Bjørg Tryggestad som 90 år og eldst.

Astrid Taraldset vaks opp på Korsbrekke i Sunnylven og starta sitt yrkesliv i kjellarbutikken hos Ringdal og Co på Hellesylt i 1968.
Saman med Bjørg Tryggestad mintest ho den fyrste tida som butikkdame hos Ringdal & Co.
Der var trangt om plassen og ikkje alle varer var så oppleina i hyllene som i dag.
Mange vareslag måtte vegast opp i mengder som kundane ville ha, på vekt med jarnlodd.

Ikkje var det kassaapparat heller og ikkje hadde vi kalkulator så beløpet som kundane skulle betale vart rekna ut med blyant og papir.
At det vart 45 år i same jobb fortel vel det meste, eg har møtt mange kundar og lika arbeidet, sa Astrid Taraldset.

Astrid Taraldset har jobba saman med tre generasjonar ved butikken, frå høgre Borghild, Bjørg og Liv Jorunn.
Astrid Taraldset har jobba saman med tre generasjonar ved butikken, frå høgre Borghild, Bjørg og Liv Jorunn.
Svein Sporstøl overrekte heidersutmerkingane og takka Astrid Taraldset for 45 år ved butikken.
Svein Sporstøl overrekte heidersutmerkingane og takka Astrid Taraldset for 45 år ved butikken.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380