Lokalsport

Jentelaget ute, gutane med

Sunnylven sitt jentelag rauk ut i fyrste kamp i B-sluttspelet i Norway Cup. Gutelaget kunne derimot juble for to sigrar onsdag.

J 14 gjekk på eit ”surt” tap mot Stritskleiva frå Telemark. Emilie Brekke skåra for Sunnylven, men det var ikkje nok. Det vart tap 2-1. Dermed er laget ute av fotballturneringa.
Det er ikkje G 16. Dei spela også sine fyrste kampar i B-sluttspelet onsdag. Laget viste seg betre som cup-lag og rydda unna motstandarane, fyrst i 32-dels finalen der Stegaberg 2. fekk stryk 3-2. For Sunnylven skåra Stian Frøysa 2, og Jørgen Ringdal Sæter.
Jondal var ny motstandar i 16-dels finalen. Stian Frøysa donka like godt inn eit nytt mål og det heldt til siger 1-0. Han er så langt laget sin toppskårar med fire mål.

Etter to gode kampar onsdag var smilet tilbake hos gutane. Dei kan nå langt.
Det er ny kamp i 8-dels finalen torsdag mot Namsos eller Abildsø.

Ikkje berre fotball
Laga og leiarar opplever ikkje berre fotball under veka i Oslo. Tysdag kveld var det sosialsamling for alle frå Sunnylven med nær 60 til stades. Alle fekk nok av brus og pizza, alt spandert av Sparebanken Møre.
Ei flott støtte til klubben som alle og ikkje minst leiinga sette stor pris på etter det vi forstod.

Sosialkvelden vart avslutta med Quiss. Kunnskapskonkurransen var jamn, vinnarlaget vann med berre eitt poeng. Men sigeren gav gullmedalje og på laget deltok Nina Hole, Hilde Langlo Brekke, Knut Dag Langeland, Magne Brekke, Ida Katrin Brekke, Rune Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380