Sommarkonsert med gullaks
Artisten Sting sin ”aks av gull” står som eitt av mange flotte minne frå Sommarkonserten i Peer Gynt Galleriet fredag kveld. Der begeistra konfransier og eminent pianist Helge Lilletvedt og lokale aktørar 80 frammøtte.
Kulturgruppa ved Peer Gynt Galleriet har sett seg som mål å anskaffe eit digitalt piano til kunstsenteret. Sommarkonserten var eit av arrangementa for formålet og gav ein god start til kjøpet på 70.000.- kroner.
Publikum kom for å høyre lokale aktørar i song og musikk, og ikkje minst pianist Helge Lilletvedt, kjent musikar og komponist med heimstad i Bergen.
Det vart ein kveld med mykje konfekt for alle song og musikkglade, ein kveld som gleda.
Frå kulturskulen i Stranda fekk publikum høyre Simen Frøysa Hellebostad og Olene Lade på piano, og Veronica Jansen og Anne Grete Kjellstadli Langleite på gitar og song.
Alle talentfulle elevar som garantert kjem til å bli nytta ved ny arrangement i åra som kjem.
Frå pianokrakken gav Helge Lilletvedt fleire klassiske perler, men også sjølvkomponerte verk. Det han likar aller best er å bidra med tonefylje til songartistar, fortalde han.
Ut over i den nær to timar lange konserten fekk både Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim og Morgan Berg glede av hans klangfulle tonar frå pianoet.
Kristin og Oddbjørg har samarbeidd med Lilletvedt ved konsertar i Sunnylven tidlegare. Og som då var fredag kveld suksessfull.
-Det er så lett å synge, Helge improviserer til det blir samklang mellom song og musikk, fekk vi høyre.
Dei to hadde både salmar, nyare vise/popp og jazzlåtar på repertoaret.
Ingen noteark er ukjent for Helge Lilletvedt. Prestevikar i Sunnylven, Morgan Berg er medlem i Oslo domkor. I Peer Gynt Galleriet var han med og song fyrst to gamle amerikanske salmar, og deretter frå ein musikal av Andrew Lloyd Webber. Eit bidrag til både variasjon og kvalitet til Sommarkonserten.
Som avslutning kom Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein med artisten Sting sin vakre ”Aks av gull”. Det vart ei stor stund for mange, flott akkompagnert, vakkert fleirstemt framført og på eit flott språk, nemleg nynorsk.
Til aller sist fekk publikum nye prov på dyktig fingerleik på tangentane av Helge Lilletvedt, før Kari Hauso Stadheim takka på vegne av kulturgruppa for ein flott Sommarkonsert, ein dugnad frå dyktige aktørar langt fleire burde fått med seg.