Ukategorisert

To lag til Norway Cup

Norway Cup, verdens største fotballturnering startar laurdag 27. juli. Frå Sunnylven IL stiller to lag, J 14 og G 16.

Sunnylven IL reiser med to lag til Norway Cup i år. På jenter 14 år er 13 spelarar klare for Oslo-tur og gutar 16 år stiller med 11 spelarar. Begge laga spelar 7-ar serie og spelar sine fyrste kampar søndag 28. juli.

Det fortel Steinar Hjelle som er med som leiar for gutelaget saman med Geir Frøysa og Mariann S. Frøysa.

Ikkje alle lag får spele sine kampar på Ekeberg, så i innleiande blir det litt rundt omkring på baner i Oslo. Gutelaget møter Kviteseid/Seljord 1., Rosendal 2., og Tornado frå Måløy.

Kirsti Frøysadal Hauge, Knut Dag Langeland og Hilde Langlo Brekke er med som leiarar for jentelaget. Motstandarar i innleiande serie er IL Bjørn, Heidal og Gratangen, får vi opplyst.

Dei to beste laga etter innleiande kampar går til A-sluttspelet, dei to neste til B-sluttspel. Alle lag er frå i år garantert å få spele minst fire kampar.
Sunnylven IL er innlosjert på Stenbråten skole ved Mortensrud.

Begge lag håper sjølvsagt at alle som er på ferie i Oslo stiller som heiagjent. Ved å ringe ein av leiarane får ein opplyst om både bane og tidspunkt for kampen.

Også Stranda IL stiller lag i Norway Cup. Dei har med tre lag i 11-ar serie, for gutar 16, jenter 11., og juniorlaget G19. der både Henning Frøysa og Kennet-Andre Hole, begge frå Sunnylven er med i spelarstallen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380