Lokalnytt

Gav ved og husflidsvarer til Fretex

Martin Janssen dreiar mykje. Her er litt av det Fretex fekk med seg gratis saman med ved i sekkar.
Martin Janssen dreiar mykje. Her er litt av det Fretex fekk med seg gratis saman med ved i sekkar.

Denne veka var Fretex i Ålesund innom tunet til Martin Janssen på Helset. Der kunne dei fylle bilen med ved og husflidsprodukt, gratis.

Fretex i Ålesund er del av Frelsesarmeen og har drive si verksemd i Norge heilt frå 1905. I Ålesund har dei eigen butikk og handlar på alt mogleg til rimelege prisar.

Geir Staveli, opphaveleg frå Trøndeleg er arbeidsleiar og einaste fast tilsette ved verksemda, men til Helset hadde han med seg to hjelparar.

I Fretex-butikken finn ein mykje av klær og møblar, skap, stolar, bord, senger og anna,
Alt er ting som organisasjonen får gratis frå folk, og som blir selt ut igjen til ein rimeleg pris.

Store ting kan vere tungt å få frakte frå gjevaren til lagerbutikken, fortel Staveli. Å ha med gode hjelparar som dei to som var med til Martin Janssen på Helset er difor heilt avgjerande.

Det var ikkje fyrste turen Fretex har gjort innom Martin Janssen på Helset for å få varer. Fleire gonger har dei henta både ved i sekkar og andre dreia husflidsprodukt som Janssen lagar på vekstaden sin.
Frå garasjen lasta dei denne dagen på hundre 80 liters sekkar med tre år gamal blandingsved. Meir var der ikkje plass til i bilen.

Det går fort ut, for etter som vi får det gratis kan vi selge det rimelegare enn andre. Og vi kunne ha omsett enno meir, så om det skulle vere nokon som har ved eller andre ting til overs og ønska å hjelpe, håpar vi dei tek kontakt med Fretex-butikken i Ålesund, sa Geir Staveli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380