Kunstutstilling med Ibsen-motiv
-Det hjartet er fylt med renn munnen over med. Det er det som skjer etter eit ”samliv” med Henrik Ibsen i 12 år.
Slik uttrykte Tone Dietrichson det under kunstopninga i Peer Gynt Galleriet der ho var hovedutstillar. Her var også arbeid av tre andre kunstnarar som alle hadde henta sine motiv til bilda frå Henrik Ibsen si dikting.
Tone Dietrichson henta motiv frå Vildanden, Gro Jarto gjorde foto frå ulike arbeid, Morten Krogvold skapte bilder om kvinner og Håkon Bleken gjorde grafikk frå handlingar i Ibsen si diktning.
Dei fire kunstnarane laga bildeutstillinga til markering av at det i 2006 var 100 år sidan Henrik Ibsen gjekk bort.
30 år som kunstnar
Utstillinga vart første gong vist i Stavanger i 2006, deretter i New York og etter kvart fleire stader både i inn og utland, mellom anna i rådhuset i Oslo.
Sist laurdag vart den presentert i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt med eit stort publikum til stades.
Der heldt Tone Dietrichson også eit nitti minutt lagt kåseri om Vildanden for seksti frammøtte.
Tone Dietrichson starta som skapande kunstnar for 30 år sidan, først med skulptur og seinare gjekk ho over til bilder, farga med kol og oljemåling på lerret.
Frå 2001 har ho jobba med bilder og motiv frå Vildanden. Gjennom desse arbeida har ho fått eit nært og inngåande kjennskap til det kjente teaterstykket.
Laurdag formidla ho frå innhaldet med stor innleving til ei lyttande forsamling.
Råka av hagl
-Når eg står på scena er eg meg sjølv. Då kjem det eg brenn for, å nå andre menneske.
Det er lenge sidan Vildanden var eit teaterstykke for meg, det har blitt sjølve livet mitt. Vildanden handlar om mangel på kommunikasjon, ærlegheit, skuld, angst for å misslukkast.
Ibsen er kjelde til inspirasjon, konfrontasjon, vekst og livsglede. For eigen del har eg blitt modigare og ærlegare etter erfaringar eg har gjort.
Vildanden vart råka av hagl, eg deler mine med mine medmenneske.
Vakkert
Tone Dietrichson og også Gro Jarto var begge på Hellesylt for fyrste gong i helga. Begge var overbegeistra over naturen i landsdelen.
Dietrichson fortalde at ho hadde sett landskap ho lett assosierte til Ibsen.
-Då vi var på veg til Hellesylt såg vi ein isbre høgt under eit bratt, tindete fjell. Då tenkte eg med det same på Brand.
Eg kjem gjerne tilbake, det er eit fantastisk område av landet, eg er stolt over å få kome hit. Eg er bevega, sa Tone Dietrichson.
I heile august
Svært mange møtte fram i Peer Gynt Galleriet og til kunstopninga som Anne Britt Sårheim frå kulturgruppa ved galleriet stod for. Ho fann inspirasjon til sine velkomstord frå det historia fortel om Ibsen si reise gjennom Sunnylven på 1800-talet.
I tillegg baud opninga på vakker song av Kristin Storstein som framførte Hymne av Jakob Sande og Min beste dag av Erik Bye.
Kunstutstillinga i Peer Gynt Galleriet med Dietrichson, Jarto, Krogvold og Bleken blir å sjå i heile august.