Lokalsport

Damelaget vann bronse

Sunnylven/Stranda sitt damelag avslutta seriespelet med siger 3-0 borte mot Ørsta torsdag. Laget sikra seg bronsemedalje, like bak Volda og Herd.

Det vart ingen stor kamp på kunstgraset i Ørsta torsdag. Sunnylven/Stranda var klart best, men hadde lite anna enn æra å spele for. Bronseplassen var sikra og avstanden framover på tabellen var for stor til å avansere.
Heimelaget Ørsta stod utan poeng og var aldri nær siger i denne kampen heller. For det var gjestane som tok tak i spelet og alt etter fem minutt susa ballen like utanfor målburet til heimelaget.
To minutt seinare vart Kirsti Frøysadal Hauge takla ulovleg og straffesparket sette Anne Lise Lødøen Helset sikkert i mål.
Og før kvarteret var gått hadde Kirsti banka inn to nye mål til leiing 3-0 for Sunnylven/Stranda. Fleire mål vart det ikkje.
-Kampen hadde ingen betydning for tabellplasseringa for nokon av laga, så det vart litt spesielt. Det vart ikkje den beste kampen vi har spela i år, men greitt og godt nok etter ein god sesong, sa trenar Hans Hole etterpå.

Godt samarbeid
Damene på samarbeidslaget Sunnylven/Stranda har hatt ein flott sesong. Vi veit at tapet mot Brattvåg ergra trenaren, då var sigeren i lomma med få minutt igjen å spele.
Likevel er det imponerande prestasjonar som har blitt levert, for ein stor spelarstall har vore ustabil grunna reiser, jobb og skulegang. Difor har trenaren stadig komponert nye lag av unge og litt urutinerte spelarar. Dei har takla oppgåva framifrå og spela laget fram til ei blank bronsemedalje til slutt.
Vi veit at mange ynskjer at samarbeidet mellom Sunnylven og Stranda må halde fram også neste år. Og det må vere rett, for då kan det kome eit topplag i fotball også frå indre fjorstrøk.
9. november er det fest for seniorlaga i Sunnylven og Stranda på Peer Gynt Galleriet. Der er også spelarane og leiarar for bronselaget for å ta mot utmerkingar og velfortent heider.

Volda vann 4-0 mot Herd i siste serieomgang og møter Molde om spel for opprykk. Laget vann 3. divisjon kvinner med 33 poeng, føre Herd med 29, Sunnylven/Stranda 28, Spjelkavik 25.

Ørsta – Sunnylven/Stranda 0-3 (0-3)
Laget:
Lillian Aasheim, Kristin Ringdal, Maria Berge, Silje Stadheim, Ivrine Tryggestad, Jannicke Gjerde, Anne Lise Lødøen Helset, Inga Elise Vik, Vilde Hjelle, Kirsti Frøysadal Hauge, Birgitte Sve Hagen.
Innbyttarar:
Hanne Slettebak, Julianne Lundanes, Anne Grete Kjellstadli Langleite, Amalie Birkhol.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380