Eit middels år i Korsbrekkeelva

Rune Tryggestad fekk storlaks ved Hellesyltfossen. (Foto: Ole A. Ringdal)

Rune Tryggestad fekk storlaks ved Hellesyltfossen. (Foto: Ole A. Ringdal)

Laksefiske i Korsbrekkeelva vart om lag som i eit middels år. Den største laksen som beit på vog 11.6 kilo.

Arne Korsbrekke legg ned mange timar med kultiveringsarbeid i Korsbrekkeelva gjennom yngelproduksjon ved klekkeriet i Husøyna.

Difor er han kvart år spent på resultatet når laksefiske i elva tek til.

Storlaksen mangla
Det vart eit middels år i 2013, truleg vart det fiska berre halvparten så mykje som i rekordåret i fjor. Slike år har vi opplevd før, det er svingingar ein må rekne med, seier han.
I elva var der bra med laks og heilt på slutten av sesongen vart det fiska bra også i den delen av elva som er utbygd med laksetrappe.
Dei store ruggane vart ikkje tekne, vektene viste alt frå 3.0 kg. til 11.0 kg. Snittvekta var vel på 7-8 kg., trur Arne Korsbrekke.

Stamlaks til klekkeriet
Men elveeigarane har ikkje mist trua på nye år med storfiske i Korsbrekkeelva, sjølv etter ein litt laber sesong. Dei har alt gjort sine fyrste kast etter stamlaks i Steimshølen. Fleire skal det bli for i klekkeriet skal det vekse fram nye 100.000 lakseyngel også til neste sesong.

Størst ved Hellesyltfossen
Det var Rune Tryggestad som fekk største laksen i Sunnylven i år. Den beit på i den korte elva mellom Hellesylt bro og Hellesyltfossen og vog heile 13.7 kg.

Arne Korsbrekke med eit eksemplar som skal føre laksestamma i Korsbrekkeelva vidare. (Arkivfoto)

Arne Korsbrekke med eit eksemplar som skal føre laksestamma i Korsbrekkeelva vidare. (Arkivfoto)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380