God kamp, nytt tap
Sunnylven/Stranda 2 spela sin beste kamp for året, men det heldt ikkje til poeng. ”Slaget” mot FK Sykkylven enda med tap 5-4.
Det vart eit fartsfylt og til tider tøfft nabooppgjør mellom Sunnylven/Stranda 2 og FK Sykkylven på Hellesylt stadion onsdag kveld.
Domar Vitali Karpenko, Ellingsøy IL brukte fløyta mykje, delte ut fleire gule kort og to straffespark, eitt til kvar av laga. Korrekt nok, andre avgjerder kunne diskuterast.
FK Sykkylven opna målfesten etter åtte minutt og heimelaget kvitterte tre minutt seinare. 1-1 var pauseresultatet.
I andre halvdel skåra igjen gjestane fyrst og vertslaget utlikna.
Slik heldt det fram til begge lag fekk kvar sitt straffespark og stillinga var 4-4.
Eitt minutt på overtid sette Håkon Hansen inn sigersmålet for FK Sykkylven og til litt feiring på sidelinja. Sigeren gav laget påfyll av næring til opprykksdraumen.
Tapet var tydeleg bittert for heimelaget som hadde to skot i aluminiumen i andre omgang og fleire andre gode målsjansar.
Laget spela ein svært god kamp, men vart snytt for poeng på overtid. Det enda med ingen ting nok ein gong. Kanskje lukkast dei betre i neste kamp om ei veke, borte mot Åheim og botnkollega på tabellen.
Sunnylven/Stranda 2 – FK Sykkylven 4-5 (1-1)
Mål Sunnylven/Stranda 2: Alf Ole Sundgot 3, Hening Frøysa (straffe)
Mål FK Sykkylven: Håkon Hansen 2, Per Espen Lade, Lars Kristian Hjelseth, Damian Cruz (straffe).
Sunnylven/Stranda 2:
Radoan Dvorsky, Bård Forbord, Ole Arnstein Ringdal, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot, Jørgen Helset, Andreas Espelund, Gunnar Espelund, Mikael Bernat, Stig Tore Lied, Darius.
Nytta innbyttarar:
Eivind Louis Helset, Per Ove Frøysa, Robert Tryggestad.