Lokalsport

Greidde krava til idrettsmerke

Fire av dei seks som greidde kravet til idrettsmerke, frå venstre Nina Øye Hole, Lilli-Karin Ljøen, Oddmund Fivelstad og Rune Hole. (Foto: Ingrid Julie Hole.)
Fire av dei seks som greidde kravet til idrettsmerke, frå venstre Nina Øye Hole, Lilli-Karin Ljøen, Oddmund Fivelstad og Rune Hole. (Foto: Ingrid Julie Hole.)

Heile seks deltakarar frå Sunnylven IL har fullført krava til idrettsmerke. Det er friidrett/trimgruppa som har arrangert øvelsane på og ved Hellesylt stadion

Knut Dag Langeland, Gunnhild Kvam, Lilli Ljøen, Oddmund Fivelstad, Nina Øye Hole og Rune Hole har alle greidd krava til idrettsmerke i 2013.
Den avsluttande øvelsen onsdag kveld var uthaldenheit der to sprang 3000 m, to sykla 10 km og to andre sykla heile 20 km.

I tillegg til uthaldenheit er dei andre øvelsane til idrettsmerke spenst, styrke og hurtigheit. Det er også krav om at ein skal ha minimum 20 trimaktivitetar på minst 30 minutt i løpet av året.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380