Lokalnytt

Helsetkopen i Devold-reklame

Helsetkopen har dei siste åra blitt gjort mange filmopptak av, som her av elevar ved distriktshøgskulen i Lillehammer. (Arkivbilete)
Helsetkopen har dei siste åra blitt gjort mange filmopptak av, som her av elevar ved distriktshøgskulen i Lillehammer. (Arkivbilete)

Tom Erik Heimen har på vegne av Devold of Norway og filmselskapet Fantefilm søkt Stranda kommune om landingsløyve med helikopter på 1246 meter høge Helsetkopen i Sunnylvsbygda.

I og kring Helsetkopen skal det gjerast filmopptak til bruk i ei reklamekampanje for Devold sine flammehemmande ulltekstilar, skriv Heimen i søknaden til Stranda kommune.

Devold er mellom Europas leiande innan produksjon av slikt tøy, i tillegg til anna bekledning som undertøy, mellombekledning, sokkar og andre plagg mot kulde og varme.

Stranda kommune har innvilga søknaden. Løyvet gjeld i tidsrommet 10. til 31. oktober med inntil 12 landingar totalt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380