Lokalsport

Klubbens dag med treffpunkt

Malin Taraldset Fivelstad prøvde seg med skot på Havlandveggen og skåra mange poeng
Malin Taraldset Fivelstad prøvde seg med skot på Havlandveggen og skåra mange poeng

Det var tett mellom raude og kvite fotballar på Hellesylt stadion laurdag. Og det vart mange spark utan at treffpunktet betydde så mykje.

Klubbens dag var ein konkurransefri dag for alle. Men fart og moro var der nok av.
Ti lag spela fotball mot kvarandre i nær ein time samanhengande heilt fram til lunsj. God oppvarming til storkampen som skulle kome seinare, men antall mål og kven som vann var det ingen som noterte.

Andre prøvde seg på treffpunkt på Sparebanken Møre sin ”Havlandvegg”. Det vart både poeng og stjernetreff av fleire.
På ein annan kant var det flaskebowling. Store brusflasker fylte med vatn, og kunsten var å treffe med fotballen slik at flaskene ramla. Det tykte også leiarar var artig å prøve.

Også fleire andre postar var rigga kring Hellesylt stadion denne laurdagen. Alle fann seg aktivitetar å delta i.

Også leiarar ville prøve seg på flaskebowling.
Også leiarar ville prøve seg på flaskebowling.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380