Lokalnytt

Markering av allmenn stemmerett

Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.
Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.

I Norge er det hundre år sidan kvinner fekk full stemmerett på lik linje med menn. Laurdag inviterer Sunnylven sanitetslag til stemmerettskafé på Peer Gynt Galleriet.

Frå 11. juni i år har hundre år med allmenn stemmerett blitt markert over heile landet. I 1913 var Norge eitt av dei fyrste landa som inførte allmenn stemmerett. Finnland var fyrst i Europa i 1906 og New Zealand aller fyrst i verda nokre år tidlegare.

Sunnylven sanitetslag inviterer til markering av jubileet og til stemmerettskafé på Peer Gynt Galleriet laurdag.
-Vi vil markere hundre år med allmenn stemmerett i Norge. Laget er politisk uavhengig så treffet blir utan partipåverknad i høve valet måndag. Men vi minner sjølvsagt om valet og oppmodar alle om å bruke stemmeretten sin, seier styret.

På Per Gynt Galleriet blir det frå kl. 11.00 til 15.00 høve til å kjøpe kaffi, vafler og kaker. Og sjølvsagt er det lov å diskutere val og politikk, men det er ein diskusjon som ikkje Sunnylven sanitetslag vil ta del i.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380