Lokalnytt

Siste båt til cruisekaia

MSC Poesia var siste cruisebåt som la til ved kaia på Hellesylt i år.
MSC Poesia var siste cruisebåt som la til ved kaia på Hellesylt i år.

Eitt av dei aller største cruiseskipa, MSC Poesia vart siste båt til cruisekaia på Hellesylt denne sesongen. Etter å ha sett i land turistar for turen ”over land” vart trossene løyste og dermed var sesongen slutt.

Det starta i mai med Astor som fyrste båt. Frå då har 77 cruisebåtar lagt til ved cruisekaia på Hellesylt som er ein betydeleg auke frå i fjor då 41 båtar la til kai.

MSC Poesia på 293 meter og med 2500 passasjerar om bord var den siste i år.

Nokre båtar vel framleis å bruke tenderbåtar, men dei har mindre grupper på 40-50 personar og finn det enklare å tendre enn å legge til kai, seier Inge Hole, driftsansvarleg i Hamnevesenet.

Han og mannskapet på kaia kan sjå tilbake på ein problemfri sesong der ein har registrert mykje ros for tilhøva og cruisekaia.
Så seint som i dag kom det gode tilbakemeldingar frå los og mannskap på MSC Poesia for forholda på Hellesylt, fortel Hole. Det at kaia er konstruert skrått langs land gjer at den er lett å legge til og gå ut frå, er inntrykket han har fått frå båtmannskap.

Hole rosar også dei han har jobba saman med på kaia og fortel at rutiner for fortøying er inndrilla så sesongen har blitt gjennomført problemfritt.

Snart er det tid for å sjå mot ein ny sesong som teiknar til å verte god. Ut på hausten blir sesongen evaluert og planar for neste år lagde av administrasjon og styret i Stranda Hamnevesen.

Mannskapet som har hatt ansvar for drift av kaia. Frå venstre Bente Bonsaksen, Ole Hjalmar Bonsaksen, Nils Kåre Frøysa, Eivind Louis Helset og Inge Hole.
Mannskapet som har hatt ansvar for drift av kaia. Frå venstre Bente Bonsaksen, Ole Hjalmar Bonsaksen, Nils Kåre Frøysa, Eivind Louis Helset og Inge Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Siste båt til cruisekaia

Kommentarfeltet er stengt