Sunnylvingane brukte røysteretten
Med førehandsstemmer vart det avgjeve 345 røyster til stortingsvalet frå Sunnylven. Det tilsvarer eit frammøte i overkant av 80 %.
Veret var strålande på valdagen 9. september. Røystelokalet for heile Sunnylven var denne gongen i Sunnylven samfunnshus og opningstida var frå kl. 09.00 til kl. 18.00.
Leiar for røystestyret, Stig Tryggestad kunne melde om ein jamn tilstrøyming heile dagen av røysteføre som ville gjere si borgarplikt. Her avga også ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad si stemme.
Eit frammøte på over 80 % for Sunnylven er svært bra, tykte Stig Tryggestad.