Klargjer lysløypa for snøfall
Ein ny skisesong nærmar seg. For å få klargjort traseen i lysløypa til fyrste snøfall lyser skigruppa til dugnad fyrstkomande onsdag 9. oktober.
Det er køyrt med traktor og beitepussar i heile løypetraseen og no ligg der ein del rusk, kvister greiner og anna vegitasjon som bør fjernast.
I tillegg til rydding skal det renskast opp i grøfter for vatn.
Møt opp og ta med høveleg redskap til arbeidet, som motorsag, ryddesag, ryddesaks, spade, krafse, jarnrive og liknande, skriv skigruppa i ein e-post som er sendt ut.
Dugnaden startar kl. 15.00 i enden mot Tronstad. Dei som kjem seinare, møter på stadion og startar med rydding der og i Haraldbakken. Til betre rydda trase til mindre snø treng kome før ein har gode løyper, skriv skigruppa.