Nytt stortap på heimebane
Hasundgot vann 6-0 over Sunnylven/Stranda 2 på Hellesylt stadion onsdag kveld. Ved pause var stillinga 3-0.
Sunnylven/Stranda 2 hadde lite å by på mot Hasundgot. Gjestane var best frå fyrste fløytesignal frå domar Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL og vann så klart som 6-0.
Det kunne fort ha blitt tosifra tap for heimelaget om ikkje burvaktar Raimondas Ceginskas hadde vore både god og heldig mellom stengene.
I heile kampen noterte vi to hjørnespark og ein klar målsjanse for heimelaget. Oppgjøret vart ein forsvarskamp mot gjestar med raske angriparar og som lukkast i det meste.
Det vart ein litt rar sesong for meisterlaget frå 6. divisjon i fjor og mange ser nok fram til at siste kamp mot Ravn borte også er unnagjort.
For det har ikkje gått herrelaget sin veg i 5. divisjon i år.
Til tider har laget spela god fotball og rysta motstandarane, men mål har det blitt lite av. Difor blir det nedrykk, noko som har vore klart lenge.
Kanskje er det i 6. divisjon laget bør vere nokre år til, sjølv om samarbeidet med Stranda held fram.
Sunnylven har nye, gode spelarar på gang. Eit G 16-lag er fullt av talent som, om dei vel fotball som sin idrett, vil levere spelarar til eit herrelag og få publikumsjubelen tilbake til gamle høgder på Hellesylt stadion, trur vi.
Sunnylven/Stranda 2 – Hasundgot 0-6 (0-3)
Sunnylven/Stranda 2:
Raimondas Ceginskas, Karl Magnus Birkhol, Henrik Johnsen, Even Korsedal, Robert Tryggestad, Darius Puljanausk, Eivind Louis Helset, Jørgen Helset, Leif Rune Tryggestad, Trygve Aaland Tryggestad, Ole Arnstein Ringdal.
Innbyttarar:
Stein Arne Kristoffersen, Sondre Langlo, Ivar Ringdal Sæter, Jarl Vegard Røyrhus, Joakim Fivelstad.