Lokalnytt

Nyvaska tak på omsorgssenter

Jobben med å reinske taket på Sunnylven omsorgssenter er om lag halvferdig.
Jobben med å reinske taket på Sunnylven omsorgssenter er om lag halvferdig.

Stranda kommune er i gong med å reinske taket på Sunnylven omsorgssenter for tilgroing. Arbeidet vil bli ferdig om kort tid.

Det er snart gått 30 år sidan nye Sunnylven Aldersheim, no omsorgssenter stod ferdig. 7. mars 1984 vart heimen teken i bruk og 30. november same år vart innvigslingsfesten halden.
Innvendig har senteret gjennomgått både vedlikehald og ombygging. No var det naudsynt å gjere noko også på taket som var i ferd med å gro til grunna lauv, rusk og avføring frå fuglar. Også alle takrenner var fulle av humus og grøne vekstar.

Kommunalsjef plan/utvikling, Steinar Belsby stadfestar at arbeidet kom i gong i haust og held fram, men forstår at folk synest det går seint å bli ferdig.
Det er tilsette i vaktmeistertenesta i kommunen som utfører arbeidet, men grunna ein del sjukdom er det mannskapsmangel og då blir det jobba på taket når ein har ledig kapasitet av folk som kan jobbe på taket, seier Belsby.
Han fortel at det blir nytta høgtrykksvaskar og alt skal etter kvart spylast ut for taket og ned på plenen der det vil bli fjerna.

Vi antydar at dette må då vere god blomsterjord, oppgjødsla av måseskit og som hageeigarar burde få om dei vil ha.
Belsby flirer av forslaget og lovar at om nokon vil ha av humusen skal det vere heilt gratis om dei hentar det på plenen sjølve.

Det er eit positivt og viktig arbeid Stranda kommune har sett i gong. Taksteinen på omsorgssenteret er framleis bra, men den er 30 år så kanskje må ein tenkje på fornying etter kvart, trur Steinar Belsby.

På taket ligg næringsrik jord med god vekst, også i takrennene.
På taket ligg næringsrik jord med god vekst, også i takrennene.
På taket ligg næringsrik jord med god vekst, også i takrennene.
På taket ligg næringsrik jord med god vekst, også i takrennene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380