Lokalnytt

Presenterte nynorsk med innleving

Janne Karin Støylen formidla temaet nynorsk med stor innleving.
Janne Karin Støylen formidla temaet nynorsk med stor innleving.

I starten på grunnskuleveka valde Sunnylven skule språkåret som tema. Torsdag fekk skulen besøk av Janne Karin Støylen frå Nasjonalt senter for nynorsk opplæring, ein dyktig formidlar av det nynorske språket.

Med språket som tema har Sunnylven skule den siste veka jobba både med nynorsk, bokmål, dialekter og nordisk språk.

At det også var nynorsk barnebokveke gjorde at Janne Karin Støylen frå Nasjonalt senter for nynorsk opplæring var ein naturleg gjest å invitere.
Barnebokveka skal vere inspirasjon for alle som jobbar for å fremje leselyst hos både born og vaksne.

Janne Karin Støylen som jobbar ved Nynorsksenteret i Volda var ein dyktig formidlar. Temaet vart presentert med innleving til alle klassestega ved Sunnylven skule med lesing frå fleire bøker og samtalar med elevane.
I samtalane vart det mange spørsmål og mange svar, ja også mange som kalla på litt munterheit.
Om kvelden møtte ho eit tjuetals foreldre omkring same tema.
Janne Karin Støylen flytta heim til Jølster for å ta over garden i 2005. Mjølkeprodusenten og sauebonden hadde tid til overs då draumejobben med å lese nynorske barnebøker og formidle innhaldet til andre kom, ho vart litteraturformidlar av bøker på nynorsk.
-To, tre bøker kjem i postkassa kvar veke som eg les og anmelder. Landbruk og litteratur er ein kombinasjon eg er veldig godt nøgd med, seier ho.

Å finne ei god bok å lese kan gje positive resultat i fleire samanhangar. Lesing set til dømes fart på motivasjon og gjer at elevar oppnår betre resultat enn dei som ikkje les like mykje på fritida, sa Støylen.
-Mellom 60 og70 bøker kjem ut på nynorsk for året mot over tusen på bokmål. Nålauge for å få ut noko på nynorsk er mykje trongare enn på bokmål, men mange av bøkene på nynorsk er skikkeleg bra og det er kjekt.

Å få presentert dei mange gode nynorskbøker er berre halve jobben, det må også gjerast ein del på formidlingssida. Her burde Det Norske samlaget gjere meir, det er ikkje nok at eg reiser rundt i hele landet og informerer og held foredrag om dette flotte språket, meinte Janne Karin Støylen som skrytte av møtet med Sunnylven skule.
-Eg vart veldig godt motteken, her var berre hyggelege tilsette, eg fekk god servering og møtte veldig kjekke elevar.

Det var lyttande elevar Janne Karin Støylen las til i ungdomsskulen.
Det var lyttande elevar Janne Karin Støylen las til i ungdomsskulen.
Også på mellomsteget vart nynorsk presentert og fanga stor interesse.
Også på mellomsteget vart nynorsk presentert og fanga stor interesse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380