Lokalnytt

Rette sagskur på Helset

Ved den nye tømmersaga, Frå høgre Jan Arne Janssen, Martin Janssen, Gunnar Hansen.
Ved den nye tømmersaga, Frå høgre Jan Arne Janssen, Martin Janssen, Gunnar Hansen.

Tysdag var det prøvekøyring av den nye skurtømmersaga hos Martin Janssen på Helset i Sunnylvsbygda. Dei fyrste sagskurane vart som planlagt.

Saman med sonen Jan Arne har Martin Jansen investert i ei topp moderande, datastyrt skurtømmersag.

Tanken om eiga sag vart realitet etter at orkanen Dagmar raserte storparten av eit hogstmode granfelt på garden.
No blir granstokkane til snekkarmaterial på eiga sag. Her blir det også høve til å sage tømmer for andre, seier Martin Janssen.

Wood-Mizer LT 70 er ei amerikansk bandsag og kan sage store tømmerstokkar, heile 8.4 meter lange og 1.1 meter i diameter.
Stokkane kan bli til alt frå listverk til grove dimensjonar av plank. All innstilling er datastyrt og med hydraulisk handtering av tømmeret gjer det lett å bruke saga.
Motoren som driv det heile er på 28 kw.

Tysdag var servicemann Gunnar Hansen frå leverandøren på Helset for å justere og prøvekøyre saga. Han fortel at rundt 20 slike avanserte tømmersager er levert i Norge til no og kostar knappe 400.000.- kroner.

Fyrste tømmerstokk er på plass for saging.
Fyrste tømmerstokk er på plass for saging.
-
-
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380