Lokalnytt

Soknepresten innsett

Prost Svein Runde ba om alt godt for sokneprest Stein Karstensen under innsetjinga.
Prost Svein Runde ba om alt godt for sokneprest Stein Karstensen under innsetjinga.

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag, vart Stein Bernhard Karstensen innsett som sokneprest i Sunnylven og Geiranger.

Mange kom til Sunnylven kyrkje søndag for å møte den nye soknepresten, Stein Bernhard Karstensen. Det vart ei høgtidsam gudstenesta med hausttakkefest, dåp, nattverd og song av Joyful.

Gudstenesta opna med prosesjon, før leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad las opp brevet frå biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme. Der vart det stadfesta at Stein Bernhard Karstensen var tilsett i Austre Sunnmøre prosti som sokneprest i Sunnylven og Geiranger.
Deretter foretok prost Svein Runde den høgtidelege innsetjinga.

-Det er med stor glede at kyrkjelyden tek i mot deg som prest. Dei hadde ønska seg sin eigen prest og du er svært velkomen hit.
Det er eit fantastisk utgangspunkt å starte tenesta med. Du får med glede møte folket på fleire plan, her i kyrkja og i andre samanhengar. Det skjer med guds ord, men også gjennom det personlege plan, sa prost Svein Runde mellom anna i sine innsetjingsord.
Runde bad for og velsigna den nye soknepresten ved altarringen.

Stein Bernhard Karstensen var glad for den gode mottakinga og takka så mykje. Deretter overtok han liturgien og heldt si aller fyrste preike i Sunnylven kyrkje.

Gudstenesta søndag opna med prosesjon der barnehageborn deltok og bar med seg korger av årets frukt og grønnsaker og plassert på altarringen i høve hausttakkefesten.
Ungdomskoret Joyful framførte friske songinnslag og skuleborn frå 3. og 4. klasse las eigne bøner.

Etter gudstenesta var alle invitert til middag, kaffi og kaker på Sunnylven samfunnshus der dei kunne bli betre kjent med sin nye sokneprest.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon der både skulen og barnehagen deltok.
Gudstenesta i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon der både skulen og barnehagen deltok.
Sokneprest Stein Bernhard Karstensen til høgre saman med prost Svein Runde.
Sokneprest Stein Bernhard Karstensen til høgre saman med prost Svein Runde.
Joyful var like frisk og triveleg som alltid.
Joyful var like frisk og triveleg som alltid.
Sunnylven Barnehage sin dekorasjon til hausttakkefesten var både vakker og staseleg.
Sunnylven Barnehage sin dekorasjon til hausttakkefesten var både vakker og staseleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380