Lokalnytt

Støttekonsert med lokale aktørar

Maria Langeland blir å høyre under støttekonserten i Storfjord kulturhus laurdag.
Maria Langeland blir å høyre under støttekonserten i Storfjord kulturhus laurdag.

Søndag 20. oktober går årets TV-innsamlingsaksjon til forskning på demens. Laurdag er det konsert med lokale aktørar på scena i Storfjord kulturhus der inntekta også går til demens-saka.

 

Konserten i Storfjord kulturhus byd på varierande underhaldning og er eit samarbeid mellom Stranda kommune, Stranda Helselag og Sunnylven sanitetslag. Her deltek ein del av det beste Stranda kommune har av song og musikkrefter.

Frå Sunnylven deltek ungdomskoret Joyful, Maria Langeland og Kristin Storstein.
Andre medverkande er koret ”Kor Løye”, Kjell Koppang, Endgame, Alma Sofie Mæland og Iris Ramona Liset.
Programleiar er Harry Malmo.

Støttekonserten i Storfjord kulturhus er laurdag 19. oktober kl. 16.30.
Billett vaksne kr. 100.-, born kr. 50.-, familie kr. 200.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380