Lokalsport

Sunnylven/Stranda2 leia, men tapte

doc_3733_2

Lucas Guadiamos skåra og sende Sunnylven/Stranda2 i leiing 1-0 til pause borte mot Ravn laurdag. I andre halvdel skåra heimelaget fire og vann 4-1.

5. divisjon.

Ravn – Sunnylven/Stranda2. 4-1 (0-1)
Mål Sunnylven/Stranda 2: Lucas Guadiamos

Kampen mot Ravn var siste i 5. divisjon for Sunnylven/Stranda2. Laget vart nest sist i divisjonen med ni poeng etter tre sigrar. Neste sesong er det 6. divisjon.

Det starta så bra for samarbeidslaget Sunnylven/Stranda2 i årets sesong. I fyrste heimekamp 24. april vann laget 3-0 over Vartdal på Hellesylt stadion. Seinare gjekk det dårlegare, berre mot Åheim vart det poengfangst resten av sesongen.

Samarbeidet med naboklubben Stranda førte til at trenar Jens Arve Forbord hadde nok spelarar til kampar, men det var det. Laget spela god fotball i fleire kampar, mot fleire lag i divisjonen, mellom anna mot opprykkslaga Langevåg og FK Sykkylven var det fart og spaning lenge. Men ut over i andre omgang dabba kreftene, kanskje har det blitt slurva med oppmøte til trening gjennom sesongen.

Å ha eit herrelag i fotball er viktig og flott for Sunnylven. Samarbeidet med Stranda bør halde fram, det vil alle ha glede av på sikt, trur vi.
Neste sesong spelar Sunnylven/Stranda2 i 6. divisjon. Då blir det jubel igjen på Hellesylt stadion!!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380