Lokalsport

Til student-OL i Italia

Anniken Hjellbakk Hole representerer Norge under student-OL i Val di Fiemme.
Anniken Hjellbakk Hole representerer Norge under student-OL i Val di Fiemme.

Langrennsløpar Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL er med i langrennstroppa som skal representere Norge i student-OL no i desember, melder langrenn.com

Student-OL, eller World University Games blir arrangert i Val di Fiemme, Italia frå 12. til 23. desember.

Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL representerer Norge saman med seks andre kvinner og fire mannlege deltakarar.
I haust reiste Anniken til København for å gå på Universitetet der. I og kring den danske hovudstaden er det lite med snø så det har blitt dåleg med skigåing, men litt rulleski og mykje løping i staden, seier ho.

Anniken er ein av to trenarar i Storfjordlangrenn. Det har blitt fleire turar heim på samlingar i haust, og då har skia blitt leita fram.
Sist veke var det ny samling for Sunnmøre sine beste i langrenn og då nytta ho høve til å teste eiga form både i Grendadalen i Hornindal og på Ullsheim, skisenteret i Markane, fortel ho.
Under langrennsopning for Møre og Romsdal skikrets på Bjorli andre helga i desember deltok ho i 5. km. for kvinner senior og vann.
Forma er nok framleis god etter fleire år med langrenn på eit høgt plan om vinteren og fotball om sommaren.
Anniken Hjellbakk Hole gledar seg til å få reise til Val di Fiemme laurdag der ho skal delta i minst to renn, 5. km. skøyting 17. desember og 15. km. klassisk tre dagar seinare.
-Eg kjem meg heim til jul, seier Anniken på telefon frå København.

– Arrangementet i Val di Fiemme i Italia blir rekna som OL for studentar og har enormt høg status i store deler av Asia, Russland og Øst-Europa ellers. Det blir arrangert kvart andre år med sommer- og vinteruniversiade, og med over 3.000 deltagere frå over 50 nasjoner, opplyser Håkon Loe Johansen, hovedleder for den norske langrennstroppen.

Øvelsane blir sende direkte på Eurosport over heile verda, fortel han vidare, og legg til:
Det blir seks distansar både for kvinner og menn, som i eit OL.

Norge stiller med denne troppa,
løparar frå universitet i både USA og Norge:
Rune Malo Ødegård
Øyvind Moen Fjeld
Trygve Markset
Martin Hallberg
Astrid Øyre Slind
Silje Øyre Slind
Marthe Monrad Hansen
Sylvia Nordskar
Silje Dahl Benum
Astrid Bruland
Anniken Hjellbakk Hole

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380