Lokalnytt

50-års og 60-års konfirmantar møttest

60-års konfirmantar fremste rekke frå venstre: Kari Tryggestad Klokk, Ruth Raftevold, Randi Ringdal Utsikt, Magne Asbjørn Hole, Rolf Matvik. 50-års konfirmantar, andre rekke: Torbjørn Ringdal, Annfrid Sæter, Signe Marie Tommasgård, Else Marie Frøysa Otterlei. Bak: Odd Arne Halvorsen, Endre Frøysa, Asbjørn Tryggestad, Jorunn Lise Hjorthaug.

Til gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag var 50-og 60-års konfirmantane invitert. Mange av dei var til stades.

I 1953 vart tre gutar og fem jenter konfirmert i Sunnylven kyrkje. Fem av dei var tilbake i kyrkje søndag.
Konfirmantkullet i 1963 var på tolv, åtte gutar og fire jenter. Åtte var til stades under gudstenesta.

I samtale med sokneprest Stein Karstensen fortalde Rolf Matvik og Asbjørn Tryggestad frå konfirmantførebuinga, både i tida før og på sjølve konfirmasjonsdagen.
Det kom fram at mykje måtte lærast og puggast, for spørsmåla under overhøyringa på konfirmasjonsdagen kunne vere om alt frå kristendom og salmebok. Spørsmåla sat enno i minne til dei to.

Etter gudstenesta var det samling på Sunnylven kyrkjelydshus for begge kulla og der fleire historier frå 53 og 63 heilt sikkert dukka fram.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380