Lokalnytt

Grantre stubbar for hogstmaskin

Olav Hellebostad har gjort mange turar heim frå austlandet for å følgje framdrifta av vegbygginga og no tømmerhogsten.
Olav Hellebostad har gjort mange turar heim frå austlandet for å følgje framdrifta av vegbygginga og no tømmerhogsten.

Det er motordur i Hellebostadskogen, sagflis fyk, store grantre opp til 40 meter høge blir lagde mot bakken, flekte for greinet og kappa i lengder på fire, fem meter.

Ei stor hogstmaskin frå selskapet Skogryddaren på Nordfjordeid har starta hogging av fleire hundre kubikkmeter granskog for fem skogeigarar på Hellebostad i Sunnylven.

Dei fem har rusta opp og fått laga delevis ny skogsbilveg i skogen mot Åsen. Rundt 600 meter veg står no ferdig til bruk.
Om få dagar kjem dei store tømmerbilane for å hente lass, for med hogstmaskin går fellinga unna.
Laurdag starta firmaet frå Nordfjordeid med felling og kvisting av tusen kubikkmeter gran, eit arbeid den svenke maskinkøyraren og ein Latvisk kollega reknar å bruke fire, fem dagar på om ikkje tekniske vanskar oppstår.

Seinare skal maskina flytte til Høkholten lenger nede i Hellebostadskogen for å rydde opp etter orkanen Dagmar. Der er det berekna at det ligg 400 kubikkmeter som gjekk over ende i den sterke vinden jula 2011. Dette trevirke går til flis og oppmaling.
Det same gjer all furu som blir hogd om den står i vegen for granhogsten, fortel skogeigar Olav Hellebostad. Furu blir ikkje levert til skurtømmer.

Med ny skogsbilveg vil det gå greitt å få tømmeret frakta ut frå området, trur Olav Hellebostad. Tømmeret skal til Tyskland, men kvar det skal lastast om bord i fraktebåtar er enno ikkje avklarar.
Det blir frå kai i Stryn eller frå cruisekaia på Hellesylt, fortel han og veit at det dreiar seg om eit prisspørsmål.
Hamnesjefen i Stranda har stilt seg positiv til at Hellesylt kai kan nyttast til utskipinga.
Eit frakteskip kan ta opp til 4000 kubikkmeter tømmer, seier Hellebostad.

Ut frå eit ressurs og miljøhensyn må det vel vere naturleg å nytte kaia på Hellesylt som utskipingshamn.
Også fleire andre granfelt i Sunnylven skal hoggast i haust, så til saman kan det bli fleire tusen kubikkmeter skog å skipe ut.

Fleire tok turen for å sjå hogstmaskina i arbeid: Frå venstre Olav Hellebostad, Gisle Aaland, Marit, Simen og Ottar, alle frå Hellebostad.
Fleire tok turen for å sjå hogstmaskina i arbeid: Frå venstre Olav Hellebostad, Gisle Aaland, Marit, Simen og Ottar, alle frå Hellebostad.
Store lunnar med flott tømmer vil bli lagra langs skogsbilvegen.
Store lunnar med flott tømmer vil bli lagra langs skogsbilvegen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380