Lokalnytt

Mange stiller på julemessa

Frå julemessa i fjor.
Frå julemessa i fjor.

Interessa for å delta på julemessa på Hellesylt er god. Det er snart fullteikna, opplyser arrangøren.

Julemessa på Hellesylt siste laurdag i november får eit variert vareutbod, og deltakinga i år er den største nokon gong.

Til no har 15. utbydarar av bedrifter, skuleklasser og andre som driv heimeindustri meldt seg på.
-Vi har fylt opp den store salen i Sunnylven samfunnshus, men skulle det vere nokon som har lyst å delta med produkt, kan det framleis vere råd å finne ein god plass, seier Heidi Hauge hos arrangøren.
Det er Sunnylven skulekorps, Sunnylven Bygdekvinnelag og Hellesylt Næringslag som står bak julemessa på Hellesylt som har opningstid mellom kl. 11.00 og 16.00, og med sal av risengrynsgraut, kaffi og kaker.

Desse har meldt seg på:
Gardskjøkkenet, lakseprodukt
9. klasse, opptenningsbrikettar
Rigmor Røyr, strandabakelse
Bente Bonsaksen, skinn
Stranda blomster, blomster
Hole kjøtt, matvarer
Turid Skogly, strikk/skinn
9. klasse Madelen, julekort
8. klasse, julebakst
8. 9. og 10. klasse, Cup cakes
Olene, skjærefjøl og nøkkelringar
Dina Kolås, Ørsta, Ullbilder
Annbjørg, Åse og Annfrid, lefser, flatbrød
Jorunn og Herman Emdal, strikk/tre
-Ein selgar, sild

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380