Lokalnytt

Nye bygg av peparkakedeig

doc_3784_2

I desse dagar sender økonomigruppa i Sunnylven skulekorps ut invitasjon til å vere med på å lage ei ny, flott utstilling med byggverk av peparkakedeig.
Sunnylven skulekorps sin juletombola blir i år søndag 1. desember. På scena i Sunnylven samfunnshus blir det også utstilling av alle byggverk av peparkakedeig, laga av born i skule og barnehage.
Hilde Langlo Brekke i økonomigruppa håper på same store deltaking i år som dei fire tidlegare åra og at fantasien får bestemme.
-Vi tek mot alt og stiller ut både laurdag og søndag. Og ofte har det blitt laga store pepperkakebygg, både slott og borger. Vi håpar mange slike dukkar opp også i år slik at heile scena kan bli ein flott peparkakeby.

Alle bidrag er med i ei trekning der tre blir premiert med ei lita overrasking, seier Hilde Langlo Brekke.
Etter at juletombolaen er over blir utstillinga av peparkakebygg å sjå i Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt.

Stor tombola
Hilde Langlo Brekke fortel at juletombolaen til skulekorpset blir stor og med mange flotte, spanande gevinstar. Heile 800 gevinstar kan det kjøpast lodd på. Mange gevinstar har økonomigruppa i korpset fått av bygdefolk og bedrifter, og mange har gruppa laga på samlingar fleire kveldar i haust.
-Det kostar å halde skulekorpset i gang, men mange støttar oss i arbeidet så det skal vi behalde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380