Lokalnytt

Pynta sentrum til jul

Julegrana på Hellesylt blir heisa på plass
Julegrana på Hellesylt blir heisa på plass

Julegrana er på plass på Hellesylt. Også lysa i asaltrea og dekorasjonane over gata kom opp tysdag.
Tysdag kom Stranda kommune med eit stort og flott grantre til Hellesylt. På Ole Ringdal`s plass vart julegrana reist og pynta med lys av to tilsette i kommunen, Tore Johnsen og Marius Berg.

Grantreet hadde vakse opp i Langlo 3. på Stranda, kunne dei fortelje. Det var eit frodig tre med kraftige barnåler. Etter at julegrana blir tent på søndag vil den pryde og glede i Hellesylt i fleire veker framover.

Tysdag kom også anna julepynt i sentrum opp, også det som tidlegare. Asaltrea både ved skulen og ved Sparebanken Møre vart pynta med lys, og over hovedgata kom det opp grøne lysdekorasjonar.
Jobben vart utført av Arne Tronstad, Åge Gjørvad og Arnfinn Tryggestad, dei same tre som tidlegare år.

 

Det var Tore Johnsen til venstre og Marius Berg, tilsette i Stranda kommune som rigga opp julegrana på Hellesylt tysdag.
Det var Tore Johnsen til venstre og Marius Berg, tilsette i Stranda kommune som rigga opp julegrana på Hellesylt tysdag.
Arne Tronstad til venstre, Arnfinn Tryggestad og Åge Gjørvad ordna med gatepynten til jul i Hellesylt sentrum.
Arne Tronstad til venstre, Arnfinn Tryggestad og Åge Gjørvad ordna med gatepynten til jul i Hellesylt sentrum.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380