Får plass i 5. divisjon
I fotball herrer rykte Sunnylven/Stranda 2 ned til 6. divisjon etter sesongslutt. No kan det bli 5. divisjon likevel.
På kretstinget nyleg vart det vedteke å utvide 5. divisjon Sunnmøre til tolv lag. Det betyr at Sunnylven/Stranda 2 og Åmdal får behalde plassane sine.
Steinar Hjelle fortel at fotballgruppa har undersøkt hos spelarane og dei fleste er positive til å ta mot plassen.
Med Sunnylven/Stranda 2 i 5. divisjon kan det bli fleire lokaloppgjør, mot Stordal som kom ned frå 4. divisjon, og Sæbø som kom opp frå 6. divisjon.
Elles vil avdelinga bestå av dei same laga som gjesta Hellesylt stadion siste sesong, men utan Langevåg og FK Sykkylven som er i 4. divisjon.