Førjulstreff i Sunnylven bibliotek
Tysdag 10. desember blir unge og eldre invitert til det andre spanande og smakfulle førjulstreffet i Sunnylven bibliotek.
Sunnylven bibliotek rundar si andre jul i lokala i Sunnylven kyrkjelydshus. Som i fjor inviterer leiinga til førjulstreff for unge og eldre leseglade med sal av kaffi, kaker og saft. I tillegg blir det utlodding til støtte for biblioteket som er fullt av spanande lesnad.
Førjulstreffet tysdag 10. desember er mellom kl. 16.30 og 18.30. Også 17. desember blir det førjulstreff med servering og utlodding.
Sunnylven bibliotek har faste opningstider to dagar i veka:
Tysdag kl. 16.30 – 18.30.
Torsdag kl. 09.00 – 11.00.