Lokalnytt

Har fagbrev som yrkessjåfør

Under juebordsamlinga presenterte dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal t.v. bedrifta sin yngste yrkessjåfør, Torstein Fivelstad.
Under juebordsamlinga presenterte dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal t.v. bedrifta sin yngste yrkessjåfør, Torstein Fivelstad.

Torstein Fivelstad køyrer stor lastebil hos Ole Ringdal a/s på Hellesylt. I haust har han avlagt prøve for fagbrev som yrkessjåfør.

Torstein Fivelstad har nyleg fylt 20 år og sikra seg fagbrev som yrkessjåfør, eit bevis som krev si spesielle utdanning.
Fyrst vart det to år vidaregåande skule på Stranda og Stryn, fortel han, og deretter vart det lærlingkontrakt ved slakteribedrifta på Hellesylt.

I haust har Torstein gått tre månader på kurs i Kristiansund for opplæring og handtering av store bilar. Det vart bestått prøve for den unge sjåføren frå Nibbedalen i Sunnylven.
Til våren tek han turen til Molde der han og fleire skal motta fagbrevet, beviset på at han kan køyre stor lastebil.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380