Lokalnytt

Juletreet på Svarthammaren.

-Vi har "juksa" litt, vedgår Arne t.v. og Åge. Men juletreet på Svarthammaren lyser flott.
-Vi har «juksa» litt, vedgår Arne t.v. og Åge. Men juletreet på Svarthammaren lyser flott.

I mange år vart det snakka om kor fint det hadde vore med eit juletre på Svarthammaren oppfor Hellesylt sentrum. Det vart med praten heilt til i fjor då lyste der for fyrste gong til jul.
Også i år står juletreet på Svarthammaren og lyser, eit trivselstiltak som er ordna av spreke pensjonistar.
Åge Gjørvad, Arnfinn Tryggestad og Arne Tronstad var tidleg ute i år og ordna alt klart. Ei lita flaggstang vart frakta opp og frå toppen vart fleire lyslenker strekte ned til bakken.
-Det er ikkje eit grantre, vi har berre ”juksa” litt, innrømmer dei.
Denne veka måtte Åge og Arne på Svarthammaren igjen for å finjustere juletreet sitt, for nokre av lyslenkene hadde sege nedover i flaggstonga.

Veret var ikkje det beste, det sludda og vinden var frisk, men det gjorde visst ingen ting. Det irriterte dei mykje at juletreet ikkje såg ut som det skulle på avstand, sa Arne.

Alt vart ordna så no står eitt av dei finaste juletrea på Hellesylt på Svarthammaren og lyser.
-Du må få med at vi har fått støtte til å ordne juletreet frå fleire. Julelysa har Sparebanken betalt, straumkabelen på 250 meters lengde kjøpte Ole Ringdal a/s, vi får elektrisk straum frå Liv, spikar og eventuelt materialar spanderer HT Bygg Hellesylt, og flaggstonga fekk vi av Roger, fortel Åge og Arne.

Slik har juletreet på Svarthammaren blitt til. Eit sprekt og flott trivselstiltak for Hellesylt og andre i Sunnylven.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380