Lokalnytt

Mange på julearrangement på Hellesylt

Det var stort frammøte på juletombolaer til Sunnylven skulekorps
Det var stort frammøte på juletombolaer til Sunnylven skulekorps

På fyrste søndag i advent var det som vanleg tombola og julegrantenning på Hellesylt. Mange kom sjølv om veret var vått og grått.

Juletombolaen til Sunnylven skulekorps er ei sikker inntektskjelde som folk støttar ivrig opp om. Det var sal av kaffi og kaker og utvalget av gevinstar som kunne vinnast på rullelodd var rikt og variert. Mykje var laga av foreldra til korpsmedlemane og noko var innkjøpt, totalt 800 gevinstar.
Og kjøpelysta av lodd var som vanleg god hos dei frammøtte, for etter to timar hadde mesteparten av gevinstane fått sine nye eigarar.

Fine pepperkakehus
På scena i Sunnylven samfunnshus stod 17. byggverk av pepperkakedeig utstilt, store og små hus, slått og hjortefarmar, fint pynta med søtsaker og i alle fargar.
Mellom dei som hadde levert inn pepperkakebygg til utstillinga vart det trekt ut tre som fekk seg kvar sin pose med julegodt.
Desse vann: Helene og Renate Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Elias og Trym Helset.
Pepperkakehusa blir no utstilt i Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt der dei blir ståande fram mot jul.

Tente julegrana.
Presist kl. 15.15 vart julegrana på Hellesylt tent. Den står på Ole Ringdal`s plass i sentrum. Som vanleg spela Sunnylven skulekorps av dei kjære og kjente julesongane medan born og vaksne gjorde sine rundar kring det flotte, lysande treet. Det vart med fire songar då regnet piska ned og gjorde noteark og klesplagg våte.

 

Det vart fleire rundar kring julegrana både for store og små.
Det vart fleire rundar kring julegrana både for store og små.le
Sunnylven skulekorps kveikte julestemning med kjente juletonar då julegrana på Hellesylt vart tent.
Sunnylven skulekorps kveikte julestemning med kjente juletonar då julegrana på Hellesylt vart tent.
Sytten pepperkakehus var utstilt på scena i samfunnshuset. Dei blir flytta til sparebanken sine lokale.
Sytten pepperkakehus var utstilt på scena i samfunnshuset. Dei blir flytta til sparebanken sine lokale.
Etter loddtekning fekk desse julegodt for byggverka dei stilte ut. Frå venstre Renate og Helene Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Elias og Trym Helset. Til høgre Barbro Lade som delte ut.
Etter loddtekning fekk desse julegodt for byggverka dei stilte ut. Frå venstre Renate og Helene Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Elias og Trym Helset. Til høgre Barbro Lade som delte ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380