Lokalnytt

Nissegraut i Bygdetunet

Frå nissane sitt førjulstreff i Bygdetunet i fjor. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Frå nissane sitt førjulstreff i Bygdetunet i fjor. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Måndag 16. desember inviterer fjøsnissane i Hellesylt Bygdetun til sin årlege grautfest. Dei håper mange kjem.

Etter fleire år dukka fjøsnissane opp igjen i Bygdetunet i fjor med servering av risengrynsgraut og moro på låven. Det vart ei kjekk og minnerik oppleving for dei frammøtte. I år er dei på plass igjen måndag 16. desember.

Fjøsnissane er kjende for å ha store grautgryter og vere i godt humør på denne tida av året, så festen på låven blir garantert ein triveleg kveld.
Etter planen startar dei å ause graut frå grytene klokka 16.30. Kvar grautporsjon kostar kr. 20.- og ei ”krus” julegløgg kr. 5.-.

Det kan bli kaldt på låven så ta med rikeleg med varme klede og legg turen til Bygdetunet med heile familien denne ettermiddagen. Det blir triveleg, ein kjekk og stemningsfull førjulskveld, lovar nissane.
Dei håper at spesielt mange unge kjem, for fjøsnissane har ikkje gått ut på dato!

Parker bilen ved brannstasjonen, ta med lykt og gå råsa gjennom skogen frå Ringdalsvegen til låven i Bygdetunet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380