Lokalnytt

Radio Storfjord sin julekalendar

doc_3821_2

Kvar dag blir ein vinnar trekt ut frå julekalendaren til Radio Storfjord, ei trekning full av flotte og spanande gåver. Og det er ikkje for seint å kjøpe lodd.

Fredag 6. desember er det 19 luker igjen i julekalendaren til lokalradioen fram til julaftan, men det er ikkje for seint å melde seg og kjøpe lodd til trekninga.
Ved å sende ei SMS-melding der ein skriv
rs jul,
så namnet til avsendaren og sender meldinga til
2300
er ein med i trekningane som er igjen. Til fleire meldingar ein sender/kjøper til større blir vinnarsjansen. Ei melding kostar kr. 25.-

I dag 6. desember er gevinsten eit gåvekort på kr. 500.- frå Byggfag Ous & Emdal a/s.

Julekalendaren til Radio Storfjord hadde gevinsar til ein verdi av kr. 17.730.-. Det var 17. gåvekort på kr. 500.-, fire handlevogner til kr. 1.000.- kvar, to dagskortpakkar frå Strandafjellet og Fjellsetra, og ein servicepakke til bilen med julevask til verdi kr. 3.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380