Ukategorisert

Fakta om Hellesylt

1559515_575394035905051_1645186233944937722_o

Hellesylt ligg inst i Storfjorden på Sunnmøre, omkransa av høge fjell med snøkledde toppar som stuper rett ned i den blå-grøne fjorden.

Bygda er kjend for sitt enorme engasjement og si dugnadsånd, samt fargerike historie som ein av dei mest kjende turiststadene på slutten av 1800-tallet. Kongelege frå heile verda og kjende personar som Henrik Ibsen tok gjerne turen til Hellesylt.
Hellesylt er tettstaden i bygda Sunnylven der det bur kring 640 innbyggjarar fordelt på 240 husstandar. Bygda høyrer til Stranda kommune og ligg som inngangsport til Verdsarvområdet og Geirangerfjorden. Hellesylt ligg ”i hjartet” av ei rekkje opplevingar og attraksjonar sommar som vinter.

Turistbygda har fleire fritidstilbod som fotball, trimgrupper, aktivt skimiljø, teatergruppe, ungdomsklubb, 4H, sanitetsforeining, bygdekvinnelag, bondelag mfl.
Hovudnæringa er landbruk med 54 gardsbruk med aktiv drift innan husdyrproduksjon. Næringslivet elles består av handel og service, og bedrifter innan ulike bransjar som til dømes Formvac as, og HT Bygg AS. Hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt er Ole Ringdal AS som driv slakteri og vidareforedling av kjøtprodukt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380