Lokalsport

Fire KM-gull til Sunnylven

Andrine Støverstein får sitt KM-gull. Til venstre står Ingrid Myrold, Stårheim IL.
Andrine Støverstein får sitt KM-gull. Til venstre står Ingrid Myrold, Stårheim IL.

Sunnylven IL stilte til start med mange skiskyttarar då KM vart avvikla i Grendadalen i Hornindal søndag.

Fredrik Stadheim – 12.01.2014 20:37:27
Grunna snømangel måtte Stårheim IL leite etter ein reservearena for KM i skiskyting for Sogn og Fjordane. Den fann dei ved Hornindal skisenter i Grendadalen. Heller ikkje der var snømengdene store, men bra nok for å få arrangert rennet med hundre deltakarar og mykje spaning.

KM gjekk etter timeplanen og kom vel i hamn med dyktige arrangørar og i nær tosifra minusgrader.

Sunnylven IL skiskyttargruppe stilte med 11 løparar søndag. Konkurransen var vinterens fyrste for mange, men alle gjorde sine saker bra både på standplass og i løypa. Det lovar godt for resten av sesongen.

Sunnylven IL fekk fire krinsmeistrar som var:
Andrine Støverstein i J13.
Inger Ringdal Sæter i J14.
Inga Elise Vik i kvinner 18.
Trygve Aaland Tryggestad i menn 19.

Andre deltakarar frå Sunnylven IL:
J10: Lone Ringdal
Sofie Støverstein
G11: 3. Ruben Støverstein
G12: 5. Simen Frøysa Hellebostad
G13: 9. Kasper Ringdal
J15: 4. Emilie Brekke
G15: 5. Ottar Frøysa Hellebostad

Trygve Aaland Tryggestad hadde stor fart i løypa og skaut ned 15 av 20 blinkar. Det vart KM-gull av.
Trygve Aaland Tryggestad hadde stor fart i løypa og skaut ned 15 av 20 blinkar. Det vart KM-gull av.
Tre glade medaljegrosistar. Frå høgre Andrine Støverstein, gull, Inger Ringdal Sæter, gull, Anne Marie Roset, Markane IL sølv.
Tre glade medaljegrosistar. Frå høgre Andrine Støverstein, gull, Inger Ringdal Sæter, gull, Anne Marie Roset, Markane IL sølv.
Også Inga Elise Vik gjekk til gull. Her forlet ho standplass.
Også Inga Elise Vik gjekk til gull. Her forlet ho standplass.
Viktig med god oppvarming. Her to frå Sunnylven IL, Ottar Frøysa Hellebostad til venstre og i midten Emilie Brekke.
Viktig med god oppvarming. Her to frå Sunnylven IL, Ottar Frøysa Hellebostad til venstre og i midten Emilie Brekke.
Kasper Ringdal klar til start, eit løp som enda med 9. plass i G13.
Kasper Ringdal klar til start, eit løp som enda med 9. plass i G13.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380