Lokalnytt

Kabla ferdig i Nibbedalen

Om få dagar får bebuarane på Haugen straum frå den nye linja. Ved transformatoren står frå venstre Sindre Berge, Ådne Skansen, Trond Åge Dyrkorn, Kjell Arne Dyrkorn og Odd Inge Løseth.
Om få dagar får bebuarane på Haugen straum frå den nye linja. Ved transformatoren står frå venstre Sindre Berge, Ådne Skansen, Trond Åge Dyrkorn, Kjell Arne Dyrkorn og Odd Inge Løseth.

Stranda Energi a/s har grave ned høgspentkabel gjennom Nibbedalen. Tysdag denne veka kom transformatoren på Haugen på plass.
Fredrik Stadheim – 22.01.2014 15:43:12
Høgspentlinja gjennom Nibbedalen var luftspenn, men ikkje av dei beste. Den 70 år gamle linja er no lagt i kabel frå Tryggestad til Haugen, ei strekning i luftlinje på fem kilometer.

Bebuarane i Nibbedalen er glade for at jobben no er gjort. No slepp dei feil og utfall av straumen og at spenninga blir dårleg når bøndene i dalen startar på fjøsstellet. Odd Inge Løseth, montør i Stranda Energi har målt spenning ned til 208 volt frå gamlelinja.

No blir det trygg og god levering av energi som alle har gjort seg så avhengig av. Det er sett opp tre transformatorar, på Sætra, Fivelstad og på Haugen. Saman med høgspentkabelen er det lagt trekkerøyr for fiberkabel. Kanskje blir det gode forhold for breiband også.

-Det hadde vore kjekt å kunne betale rekningar heimanfrå på nettbank, tykkjer bonde Kjell Arne Dyrkorn.
-Om vi berre kunne få mobildekning også ville det vore fint. Det burde vi hatt her som det også er hotell, meinar Trond Åge Dyrkorn som er nær nabo med Villa Norangdal.

Det blir kabel inn til alle hus. Luftlinjer og stolpar som ikkje har gatelys skal takast ned.
Det blir kabel inn til alle hus. Luftlinjer og stolpar som ikkje har gatelys skal takast ned.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380