Opplevingar i området

Kjellstaddalen

 

Opplev Rokkekjerringa som kokar risengrynsgraut.
Kjellstaddalen er eit flott turalternativ både til fotturistar, syklistar, og dei som vil gå lengre fjellturar. Gjennom den grøderike sætredalen går god grusveg til ein trimpost, om lag ein times gange frå Tronstad.
Like forbi trimposten byr Kjellstaddalen på eit artig naturfenomen, nemleg den såkalla “Kokartjønna”. Det sydar og boblar i sandbotnen på tjørna på grunn av vatn som blir pressa opp. Kvite sandkorn på storleik med risengryn kvervlar rundt. På tur til og frå Hornindalsrokken går ein forbi dette naturfenomenet, og på folkemunne blir det sagt at det er “Rokkekjerringa” som kokar risengrynsgraut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *