Lokalnytt

Storfjordens Venner med nye restaureringsprosjekt

Om Storfjordens Venner får støtten dei har søkt om blir våningshuset på Kurla på Åseneset restaurert. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Om Storfjordens Venner får støtten dei har søkt om blir våningshuset på Kurla på Åseneset restaurert. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Fleire store restaureringsprosjekt og jubileumsstemne på Ytste -Skotet ventar Storfjordens Venner i det komande året.

Fredrik Stadheim – 14.01.2014 19:30:07
Organisasjonen som vart skipa i 1975 og arbeider for å ta vare på kultur og vern av bygningar og tradisjon på veglause gardar langs Storfjorden, ligg ikkje på latsida.

Det er ei imponerande liste leiaren for Storfjordens Venner, Kjell Løseth kan vise til for 2014 når det gjeld restaureringsprosjekt. Tiltaka er mange og beløpa til støtte det er søkt om er store.
-Vi har sendt søknad om støtte på fleire prosjekt, men vi veit ikkje kva vi får før det nærmar seg våren. Det blir spanande å sjå med ei ny regjering, men vi har tru på at søknadane blir innvilga. Vi er i alle høve godt nøgde med tildeling av støtte tidlegare, seier leiar Kjell Løseth i Storfjordens Venner.

Fire store prosjekt
Knappast før arbeidet er ferdig i Matvika som var det store prosjektet siste året så er dei faste arbeidsfolka til organisasjonen klare på nye stader. I Matvika står igjen å skifte nokre vindauge og rette opp ein mur, fortel Løseth.

For 2014 er det søkt om 1.3 mill. kroner til restaurering av våningshuset på Kurla på Åseneset, rundt 1.0 mill til stovehus, stabbur og ein steinbakeovn på garden Grova i Liabygda, 200.000 kroner til reparasjon av våningshuset på Innigard på Stokke, og 165.000 kroner til ei løe på Ospahjellen.

Kurla
Kurla er ein gamal og liten buplass på Åseneset like ved Hellesylt. Etter at staden vart fråflytta har husa forfalle, men våningshuset av tømmer og stavverk og som er “spikra” med trenaglar skal setjast i stand.

Midt på 1800-talet dyrka Andreas Andersson Åsen opp den vesle plassen og busette seg på Kurla saman med kona Pernille Jonsdotter Vollset. Her fekk dei fire born før dei etter nokre år flytta til Kirkebakken oppfor Hellesylt sentrum.

Seinare var det to brukarar til på Kurla før plassen vart fråflytta tidleg på 1900-talet. Peder Elias Rasmusson Korsbrekke og kona Oleanna Olsdotter Åsen var dei neste brukarane. Dei siste var Tore Olson Åsen som var gift med Anne Marie Martinusdotter Robbervik. Dei flytta til Berge på Stranda, i fylgje Bygdebok for Sunnylven og Geiranger.

Dyktige handtverkarar
Kåre Løvoll, Sindre Holtleite og Elling Westerås er alle spesialistar på istandseting av dei gamle og delevis nedramla husa på dei veglause gardane langs Storfjorden. Dei får nok å gjere også dette året.

I høve 40-års jubileet til Storfjordens Venner i 2015 er arbeidet med å skrive jubileumsbok starta, fortel Kjell Løseth. Og så minner han om at til sommaren er det Storfjordstemne på Ytste-Skotet 1. juni og 25-års jubileum for overtaking av garden der.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380